Dolly, ein gong til

dolly Hurra og jubel og glede!  Her i helga var eg i Bergen for å sjå sjølvaste Dolly Parton, frå sjølvaste Nashville, Tennesee!  Det var truleg den største hendinga i livet mitt så langt i 2007.  Og meir enn det og sikkert.  Eg og Runa smilte og klappa og trampa av og til litt med foten der vi sat på fisande fine plassar på rad fem.  Ein høydare var då bestefaren på rada framfor oss, med dress og slips og glattstrigla, vasskjemba sveis, hoppa opp av stolen og klappa med hendene over hovudet.  Ellers var det ikkje mykje ukontrollerte utbrot av kjensler, sindige vestlendingar på låvedans veit å te seg.   Vi naut stunda, eg og Runa, mellom snorslips og cowboyhattar og dei andre som skulle vere med på bussen heim til lærdal.

mars 2007
ma ti on to fr
25 26 27 1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12
13
14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31 1
2 3 4 5 6 7 8