Fæst

Har heilt gløymt å invitere nokon, men håpar nokon les det her: Fæst heime hjå meg på laurdag for alle som har lyst til å feire meg og Marion sin bursdag! Eller som berre har lyst til å vere med oss eller nokre av venene våre som og er der. Hjarteleg velkomne er de alle i hop!

Favoritthus-februar

alfheimFor tida er dette mitt favoritthus i Tromsø. Det pleide å vere gamle fokus, men han fins jo ikkje meir. Så no er det Alfheim. Det er ein sømjehall.

Bruna på kafe

Bruna

Nye sko (om vaflar og kaffi)

-Det er ganske seint no, og eg er på arbeid. Eg drikk ein del kaffi og i kafeen utanfor lagar dei vaflar. Eg tenkte at det var ein bra ting med å arbeide om natta, at lufta ikkje var så full av vaffel. Men her er det visst vaffeltid alle tider på døgnet. Ikkje rart ein får vaffelbelte av å bu her, det er verkeleg vaffelland. Eg trur ikkje eg er ilke glad i vaflar no, som det eg var før. Men eg likar å arbeide i avisa og eg er veldig glad i kaffi, så alt i alt går kvelden i eit klart pluss. Eg har tenkt å gå heim etterpå. Altså til fots. Det er tre gode grunnar til det. For det første er eg ikkje trøytt, for det andre trur eg det er stjerneklart og sist, men ikkje minst, fordi eg har fått nye sko. Eller, eg har jo kjøpt dei sjølv, men eg er så glad for dei at det kjennest som ei gåve. Dei er perfekte, akkurat sånne som eg ønskte meg. Dei er skinn utanpå og mjuk saueull inni. Eg gler meg til å slå følgje med dei heim.

Urban Skiing


Eg og Emilie var på skitur i dag. Det var ikkje lange snutten, men vi leika friskus lenge nok til at kaffien fraus til is i koppen. Det tok ikkje så lang tid sidan det var så kaldt at snøen fekk gras på seg (sitat Emilie). Det ligg litt bilder her på bloggen som syner kor frisk vi er og kor fint det er i Tromsø.

155682-10

155682-10

155682-9

155682-9

155682-6

155682-6

155682-5

155682-5

februar 2007
ma ti on to fr
1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19
20
21 22 23 24 25
26
27
28

img