Dolly, ein gong til

dolly Hurra og jubel og glede!  Her i helga var eg i Bergen for å sjå sjølvaste Dolly Parton, frå sjølvaste Nashville, Tennesee!  Det var truleg den største hendinga i livet mitt så langt i 2007.  Og meir enn det og sikkert.  Eg og Runa smilte og klappa og trampa av og til litt med foten der vi sat på fisande fine plassar på rad fem.  Ein høydare var då bestefaren på rada framfor oss, med dress og slips og glattstrigla, vasskjemba sveis, hoppa opp av stolen og klappa med hendene over hovudet.  Ellers var det ikkje mykje ukontrollerte utbrot av kjensler, sindige vestlendingar på låvedans veit å te seg.   Vi naut stunda, eg og Runa, mellom snorslips og cowboyhattar og dei andre som skulle vere med på bussen heim til lærdal.

Fæst

Har heilt gløymt å invitere nokon, men håpar nokon les det her: Fæst heime hjå meg på laurdag for alle som har lyst til å feire meg og Marion sin bursdag!  Eller som berre har lyst til å vere med oss eller nokre av venene våre som og er der.  Hjarteleg velkomne er de alle i hop!

Favoritthus-februar

alfheimFor tida er dette mitt favoritthus i Tromsø.  Det pleide å vere gamle fokus, men han fins jo ikkje meir.  Så no er det Alfheim.  Det er ein sømjehall. 

Bruna på kafe

Bruna

Nye sko (om vaflar og kaffi)

-Det er ganske seint no, og eg er på arbeid.  Eg drikk ein del kaffi og i kafeen utanfor lagar dei vaflar.  Eg tenkte at det var ein bra ting med å arbeide om natta, at lufta ikkje var så full av vaffel.  Men her er det visst vaffeltid alle tider på døgnet.  Ikkje rart ein får vaffelbelte av å bu her, det er verkeleg vaffelland.  Eg trur ikkje eg er ilke glad i vaflar no, som det eg var før.  Men eg likar å arbeide i avisa og eg er veldig glad i kaffi, så alt i alt går kvelden i eit klart pluss.  Eg har tenkt å gå heim etterpå.  Altså til fots.  Det er tre gode grunnar til det.  For det første er eg ikkje trøytt, for det andre trur eg det er stjerneklart og sist, men ikkje minst, fordi eg har fått nye sko.  Eller, eg har jo kjøpt dei sjølv, men eg er så glad for dei at det kjennest som ei gåve.  Dei er perfekte, akkurat sånne som eg ønskte meg.  Dei er skinn utanpå og mjuk saueull inni.  Eg gler meg til å slå følgje med dei heim.

Urban Skiing


Eg og Emilie var på skitur i dag.  Det var ikkje lange snutten, men vi leika friskus lenge nok til at  kaffien fraus til is i koppen.  Det tok ikkje så lang tid sidan det var så kaldt at snøen fekk gras på seg (sitat Emilie).  Det ligg litt bilder her på bloggen som syner kor frisk vi er og kor fint det er i Tromsø.

155682-10

155682-10

155682-9

155682-9

155682-6

155682-6

155682-5

155682-5

fly

flySiden jeg er blitt en desillusjonert miljø-bølle på mine gamle dager, så tar jeg fly. Og det kan se ut til at våren 2007 blir en vår der mitt CO2 regnskap blåses fullstendig i fillebiter.  Jeg skal nemlig ikke bare ta fly til bergen til dolly-konsert og påskefeiring.  Jammen skal jeg ikke reise på februar-ferie til bergen også.  Unnskyldningen er vel forsåvidt mest at det er februar og at det nærmer seg snørekord i tromsø.  Utenom det så er det bare for hei-hurra.  Håper det er noen leser dette og er i bergen mellom 13. og 18. februar og ikke minst har lyst til å være med meg.

dolly


dolly Dette er et bilde av Dolly Parton.  Og dette bildet ble ikke lagt inn uten grunn.  Det har nemlig et formål, og formålet er å komunisere til dere alle at jeg tenker på Dolly for tiden og det vil jeg dele med dere.  Årsaken er at Dolly har en helt spesiell rolle mellom meg og mine venner, som, forhåpentligvis, leser denne bloggen av og til.  Da det ble kjent at Dolly Parton skulle spille konsert i Bergen fikk jeg en god del mailer o.l. fra folk som visste at jeg var glad i Dolly.  Spesielt vil jeg rekke en takk til Frode og Ida som gjorde en innsats for at jeg ikke skulle gå glipp av det.  Siste skudd på Dolly-treet er at ikke ukjent bosnjak har skaffet meg og min like Dolly-elskende søster billetter til konserten i Bergen 9. mars.  Så da blir det hallois og hurra.  Vi gleder oss ekstremt masse og trenger innspill på hvor man får tak i en cowboy-hatt nå til dags.  Ikke mange å finne i Tromsø ivertfall.  Noen som vet?

ojojoj

Hei alle, om det er noen igjen som sjekker denne bloggen en gang i blandt. 

Jeg ser at en håpefull venn har lagt inn en melding der det uttrykkes et håp om at denne bloggen blir oppdatert litt oftere enn den forrige.  Desverre ble det ikke akkurat sånn.  Men det er som kjent aldri forsent å snu, og jeg håper jeg snur i tide.  Fra nå av lover jeg gull og grønne skoger.  Slike lovnader har som kjent en tendens til å bli brutt, men den som følger med får se hva fremtiden bringer.

Horkyze Slize

155682-2 Som ei takk til Frode for at han redda meg frå dei onde kreftene skal eg skrive eit lite innlegg om Horkyze Slize.  Horkyze Slize er eit slovakisk punk-rock band.  Dei er ganske store her i Tsjekkia og Frode likar dei og.  Det er ikkje eit så veldig bra band, ikkje sånn kjempedårleg heller, men kanskje sånn litt under middels.  Den største hitten deira heiter L.A.G. Song, kort for Lesbian and Gay Song, som du ofte kan høyre som pausemusikk på ishokej-arenaer.  I går var eg på konsert med Horkyze Slize, det er iallefall tredje gongen dei speler i Praha denne hausten, så det var vel på tide eg kom meg avgårde.  Konserten var omlag som bandet, sånn litt under middels bra.  Det er kanskje ikkje berre deira feil at eg syns det var litt dårleg.  Eg forsto jo kanskje ikkje så mykje, for det første pratar dei slovakisk, som eg forstår endå mindre av enn tsjekkisk, og for det andre så hadde dei veldig lokal form for humor, som eg ikkje forstår så mykje av.  Så det var litt komunikasjonsproblem der, men ellers var det ok.  Eg håpar vi kan høyre på Horkyze Slize i jula.

Velkommen

Hei alle!

Velkommen til den nye bloggen min.  Eg er glad for å sjå at de stikk innom.  Det må de gjerne halde fram med.  Og legg gjerne att små meldingar, så veit eg at de har vore her.  Den forrige bloggen min, taleorganet, den har eg ikkje vore så flink til å oppdatere.  Om eg hugsar rett så var vel siste gongen i september.  I dag er det 21. desember.  Så det er ikkje så mykje å skryte av, men eg likte han aldri så godt.  Eg klarte ikkje heilt å setje fingeren på kva det var eg ikkje likte med han, men det var noko som ikkje passa heilt.  Heldigvis er det folk som kan hjelpe.  Alle brikkene datt på plass då eg fekk ein e-post frå Frode.  Han sa at det ikkje var så bra med den bloggen, at han som eigde han var ond.  Det hadde eg aldri tenkt på før, men eg ser det jo no.  Det er mange ondingar der ute og eg har ikkje tenkt å støtte dei lenger.  Så takk og lov at du redda meg, Frode.  Tusen takk.  No er eg ute av dei onde sitt klamme grep og eg kjenner at orda flyt lettare her ute.   

mars 2007
ma ti on to fr
25 26 27 1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12
13
14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31 1
2 3 4 5 6 7 8